top of page
  • Forfatterens bildeArna Blikom

Jordbær i mai?

Våronna har vore igong ei god stund og i helga var det blandt anna jobbing med jordbæra på Fruktgården. Mykje god trening for dei involverte, då fleire hundre sandsekkar på a 10 kg, skulle løftast av- og seinare på igjen. Under duken på det eine jordbærfeltet fant me ein jordbærblom! Då er tommelfingerregelen at ein kan forvente fyrste modne jordbæret ein månad etter. Så då er det berre å vente i spenning og sjå om me får dei fyrste jordbæra i salsboden vår i mai i år.


337 visninger0 kommentarer
bottom of page